Økonomiprisen 1969-1989

Dersom vi nordmenn skal skryte av Noreg, fortel vi gjerne om oppfinnelsar som bindersen og ostehøvelen, eller om bedriftene til djerve oppdagarar som Fridtjof Nansen, Roald Amundsen eller Thor Heyerdahl. Færre kjenner til økonomane Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo. I filmen «Økonomiprisen 1969/1989» ser vi nærare på korleis Frisch og hans elev Haavelmo utvikla fagfeltet økonometri, og såleis var sentrale i etableringa av økonomi som vitskap.

Oppgåver: Økonometri

  • 1.

    Neo-klassisk teori handla i hovudsak om å kombinere kundens subjektive oppfatning av verdi med produksjonskostnad, men i liten grad verifisere denne samanhengen gjennom statistiske observasjonar. Økonometri har som føremål å klargjere kvantitative samanhengar i økonomien gjennom ei analyse som byggjer på ei kombinasjon av økonomisk teori, matematikk og statistikk. Analyse av politiske vedtak blir ofte gjort ved hjelp av økonometri. Eksempel på bruk kan vere å lage hypotesar om korleis bustadprisane endrar seg dersom styringsrenta aukar/synker, eller kva samanheng det er mellom arbeidsledighet og sal av for eksempel nye bilar.

    Gi døme på andre problemstillingar ein kan finne svar på ved hjelp av økonometri.

  • 2.

    Økonometri er et viktig redskap for alle som arbeidar med økonomiske prognosar.

    Kva menes med prognose?

  • 3.

    På kva måtar er modellane for å lage prognosar like og ulike når det gjeld økonometri og meteorologi?

  • 4.

    I filmen vert økonometri samanlikna med meteorologi. Begge handlar om å lage prognosar.

    På kva måtar er modellane for å lage prognosar like og ulike når det gjeld økonometri og meteorologi?

Oppgåver: Statistikk

  • 1.

    Haavelmo innførte sannsynlegheitsberegning i økonometrien. Dette var eit gjennombrudd fordi ein då kunne forhalde seg til avvik og interferens når ein skulle trekke konklusjonar basert på observerte data. Ei utfordring var at kvar avgjerd kunne påverke andre avgjerder, noko som skapte problem for empirisk forsking fordi resultatet kom som følgje av eit stort antal samtidige eller tidlegare avgjerder og relasjonar. Haavelmo meinte det derfor var viktig å velje relasjonar som er så autonome som mogleg. Autonome relasjonar handlar om faste forhold i økonomien, delar av økonomien som ein veit påverkar kvarandre direkte og som ikkje blir påverka av andre forhold.

    Gi døme på autonome relasjonar.

  • 2.

    Etterspørselsfunksjon er eit eksempel som blir vist i filmen, der ein ser på korleis prisen på jordbær endrar seg gjennom sommaren.

    Hva er samanhengen mellom pris og selt mengde av ei vare i eit marked – når stig og synk prisen på varen?

  • 3.

    Kva andre forhold, utover etterspørsel, kan ha påverknad på prisen?

Læreplan

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Marknadsteori

Beskrive hovudtrekk ved den samfunnsøkonomiske utviklinga.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Nasjonalrekneskap og økonomisk vekst

Gje ei oversikt over dei viktigaste omgrepa i nasjonalrekneskapen og forklare samanhengen mellom dei.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Prisvekst og pengepolitikk

  • Gjere greie for føremålet med pengepolitikken og korleis han verkar.
  • Forklare finansmarknadene si betydning i samfunnsøkonomien.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Inntektsfordeling og miljøproblem

  • Forklare indirekte verknader av produksjon og forbruk.
  • Valutakursane.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 Økonomisk vekst

Gjere greie for verkemiddel som kan brukast for å oppnå økonomisk vekst.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 Arbeidsløyse og økonomisk politikk

  • Gjere greie for korleis pengepolitikken påverkar økonomien.
  • Gjere greie for gjeldande retningsliner for den økonomiske politikken i Noreg i dag.