Lyssetting: Stemningslys
Som fotograf må ein legge merke til verda rundt seg. Korleis verkar lys og skugge saman? Korleis kan lyset i den verkelege verda bli gjenskapt på film?
I denne filmen blir det vist korleis lyssetting kan bidra til å underbygge og forsterke stemninga i ein film. Korleis skapar ein eit romantisk lys? Korleis får ein ei scene til å verke kald eller skummel og ubehageleg?