Lyssetting: Lys på uteopptak
Planlegging og førebuingar er heilt avgjerande for å få gode filmopptak utandørs. Kva seier værmeldinga om korleis været kjem til å vere på opptaksdagen? Når går sola opp, når går sola ned? Kor mange timar kan de gjere opptak i godt dagslys? Korleis er lysforholda på staden der det skal filmast? Skal sola vere hovudlys eller baklys?
I løpet av ein dag endrar både lysstyrken og fargetemperaturen i sollyset seg. Kva slags lysforhold og stemning skal det vere i hovudbildet? Dette blir styrande, blir referansen, for dei andre bilda som skal skytast i same sekvens.
Det er lurt å ta totalbildet fyrst og nærbilder etterpå. Det er mykje lettare å tilpasse lyssettinga i nærbilda slik at nærbilda har same lysforhold som totalbildet. Til dømes, dersom sola kikar fram når ein skal ta nærbilda – men det var overskya når ein tok hovudbildet – så må ein blokkere sollyset i nærbilda og gje ei fortsatt illusjon av at det er overskya.