Algoritmane si makt i sosiale medium

Sosiale medium har blitt ein stor del av kvardagen vår. Denne filmserien forklarer korleis algoritmane fungerer, kvifor dei blir brukt og korleis dei kan påverke oss. Læremiddelet vil bidra til at elevane får eit sunnare og meir reflektert forhold til sosiale medium.

Kvar episode presenterer problemstillingar som elevane kan kjenne seg att i. Det er eigne oppgåver og undervisningsopplegg for kvar av dei fem filmane. Til saman dekkjer læremiddelet ei rekkje kompetansemål. Filmane er synstolka og teksta for høyrselshemma.

Til læraren

Dette læremiddelet består av fem filmar (på 8-10 minutt kvar) med tilhøyrande oppgåver. Læremiddelet vil gje elevane kunnskap om den utbreidde bruken av sosiale medium og kva konsekvensar det kan ha på enkeltindividet og samfunnet. Læremiddelet vil bidra til at elevane får eit sunnare og meir reflektert forhold til sosiale medium.

Filmane byggjer ikkje direkte på kvarandre. De kan difor velje å bruke éin, nokre eller alle filmane avhengig av behovet i elevgruppa. For kvar av filmane er det utvikla eit tredelt opplegg:

  • Felles gjennomgang før filmen (15 minutt)
  • Visning av film (10 minutt)
  • Oppgåver relatert til filmen (individuelle eller i gruppe)

Ein slik tredelt gjennomgang er eigna til éi skuletime på 45 minutt (evt. to skuletimar avhengig av kva oppgåver de svarer på). Undervisningsopplegget er tverrfagleg og er mogleg å tilpassa ulike fag, og bli brukt som temaarbeid og gå over fleire økter. Dei tilhøyrande oppgåvene er nivådifferensierte, der første sett av oppgåver handlar om å finne svar direkte i filmen, medan andre sett med oppgåver i større grad legg vekt på refleksjon og diskusjon.

Særskilt tilrettelagt

Læremiddelet er hovudsakleg utvikla for elevar med behov for særskilt tilrettelegging på 8.-10. trinn.

Alle val i prosessen med å utvikle dette læremiddelet har difor teke høgde for å inkludere store delar av denne elevgruppa. Filmane har integrert synstolking for å gjere dei tilgjengelege for elevar med ulike synshemmingar. Filmane er òg teksta for høyrselshemma på begge målformer. Læremiddelet vil og fungere ypparleg for ordinær elevgruppe.

Alle dei tilhøyrande oppgåvene har ein lett tilgjengeleg funksjon for opplest lyd på nettsida. Opplest lyd er organisk og lesen inn av innlesarar. Oppgåvene er òg tilgjengelege som nedlastbar og redigerbar fil, slik at lærarar enkelt kan fjerne og tilpasse oppgåvene til si elevgruppe. Oppgåvene er nivådifferensierte og diskusjonen vi oppfordrar til i forkant av filmvisning vil fungere inkluderande.

Film i seg sjølv har store fordelar for fleire elevar fordi innhaldet blir formidla både visuelt og auditivt, og på den måten stimulerer fleire sansar. Kunnskapsformidling ved bruk av film kan òg vere ein fordel for elevar med lese- og skrivevanskar. Film kan òg bidra positivt for elevar med nevrologiske utviklingsforstyrringar (ADHD), ved å halde på merksemda meir effektivt.

Film opnar òg opp for moglegheita til å sjå filmen fleire gonger, slik at elevane kan få repetert innhaldet. Ved bruk av film kan ein visualisere/konkretisere abstrakte omgrep, som vil gje eleven ei betre forståing av innhaldet. Det har vi gjort i denne filmserien.

Filmserien i dette læremiddelet har tydelege overskrifter som vil hjelpe eleven med å skjønne innhaldet i filmen. Informasjonen blir formidla i ein munnleg sjargong, og hastigheita på det som blir formidla er godt tilpassa målgruppa.

Nærare skildring av læremiddelet, samt utfyllande informasjon om kvar film, finn de i vår utvida lærarrettleiing under.

I lærarrettleiinga under, får de meir utfyllande informasjon om læremiddelet. Det blir referert til relevante kompetansemål og de får konkrete tips (spørsmål, anekdotar og omgrepsforklaringar) til kvar film og det tilhøyrande opplegget som kan hjelpe dykk med å bruke dette læremiddelet både i klasserommet og ovanfor den enkelte elev.

Bokmål:
Utvidet lærerveiledning – Algoritmenes makt – PDF
Utvidet lærerveiledning – Algoritmenes makt – Word

Nynorsk:
Utvida lærarrettleiing – Algoritmane si makt – PDF
Utvida lærarrettleiing – Algoritmane si makt – Word

 

Bidragsytarar

Læremiddelet er finansiert av Utdanningsdirektoratet (UDIR).

Faggruppe

Olav Hove, forfattar av fleire lærebøker (Store spørsmål 8-10 KRLE for ungdomsskulen, og ARENA 8, samfunnsfag for ungdomsskulen) og over 20 års undervisningserfaring frå barne- og ungdomsskulen.

Merete Olsen, spesialpedagog med over 20 års erfaring med undervisning av elevar med behov for særskilt tilrettelegging. Tidlegare tilknytt Ullevålsveien skule, spesialskule for elevar med generelle lærevanskar.

Filmgruppe

Anders Martin Helle, Regissør, manus og klipp Leidar.
Mari Finnestad, Produsent Leidar.
Hilde Holmesland, Prosjektleiar Leidar.
Trond Høines, Filmfotograf Leidar.
Åsmund Hasli, Filmfotograf Leidar.
Marius Eilertsen, Foto.ass og klipp.ass Leidar.
Andreas Krogsæther, Grafikar Leidar.