Framtidas bustad

Korleis kjem vi til å leve og bu i framtida? Det er ingen tvil om at heimane og bomiljøa våre er i endring. Det er knapheit på areal i byane, noko som fører til at vi må bu tettere. Samtidig blir vi stadig fleire eldre i samfunnet. Det er ikkje realistisk at heile denne gruppa vil få tilbod om sjukehjem og pleiehjem i framtida. Vi må difor skape bustader som fungerer betre for heile livsløpet.

Filmen «Frå ferdighus til designbolig» viser korleis heimen din kan oppgraderast for å møte framtidas behov. Livsløpsstandard er ein viktig del av ein berekraftig oppgradering.

Filmen «Korleis kjem vi til å bu i framtida?» peikar på dei utfordringane vi står overfor som følgje av samfunnsutviklinga, og korleis dei kan løysast gjennom nyskapande arkitektur og nye buformer.

Filmene er produsert med støtte frå Husbanken.