Føkk Fossils II – tipping point

«Føkk Fossils II – tipping point» tek for seg eit dystopisk framtidsscenario der den globale oppvarminga har stege over 2,5 grader innan år 2050, og verda har nådd det kritiske «tipping point». Den globale oppvarminga aukar raskare og har blitt irreversibel. I filmen ser vi eit scenario der tørke, hetebølgjer og miljøkatastrofar har gjort søreuropeiske land ulevelege, og søreuropearar har blitt klimaflyktningar i eige kontinent. Folk rømmer nordover, og Murmansk i Russland har blitt eit nytt jordbruksområde der mange søkjer ei betre framtid.

Filmen er oppfølgjaren til «Fuck Fossils – en framtid du ikke vil ha», som viste eit meir optimistisk bilete av framtida, der verda hadde klart å redusere klimagassutsleppa nok til at den globale oppvarminga ikkje overstig 2 grader. Den nye filmen skildrar kva som kan skje dersom verda ikkje kuttar utsleppa med 6-8 prosent årleg, og understrekar at ustoppelige tilbakekoblingsmekanismar no er sett i gang.

Vil du vite mer?

Bidragsytarar

Faggruppe
Steffen Kallbekken, forskningsleder i Cicero
Thomas Cottis, Høgskolelektor landbruk og klimakunnskap, Høgskolen i Innlandet
Jonny Westernes, produsent
Marianne Kleven, regissør