Kva er kjønn?

I denne filmserien møter du fem ekte menneske: Benjamin, Jenny, Stina Eline, Luka og Live. Dei har alle, på kvar sin måte, hatt utfordringar knytt til kjønn og kjønnsuttrykk.

Dei fortel om ungdomstida si, ei tid prega av forvirring og usikkerheit.
I dag lever dei alle gode liv.

Filmane byggar på teikneserieboka “Eg grua meg veldig”.

Bidragsytarar

Filmane byggar på teikneserieboka “Eg grua meg veldig” av forfattar Mari Finnestad og illustratør Anne Lippert. Boka er utvikla i samarbeid med Harry Benjamin Ressurssenter (HBRS).

 

Faggruppe:

Mikael Scott Bjerkeli –  dagleg leiar (HBRS)
Benjamin Elias Solvang – styreleiar (HBRS)
Marion Arntzen – tilsett (Stiftelsen Stensveen)

 

Prosjektet er støtta avStiftelsen Dam