Datasimulering

Datamaskiner kan rekna veldig mykje raskare og meir nøyaktig enn menneske. Men me må ofte forenkla problema me jobbar med for at datamaskina kan hjelpa oss. I filmen lærer du om korleis SIR-modellen blir brukt til å modellera og rekna på sjukdommar.

Diskusjonsoppgåver

  • 1.

    Kor mykje bør ein forenkla eit eksperiment før ein simulerer det? Kan det variera utfrå kva ein vil oppnå?

  • 2.

    Korleis kan ei datamaskin rekna ut framtida? Tenk for eksempel på vérmeldinga, eller berekna tid for å køyra til skulen på tosdag i neste veke i ei kartteneste.

  • 3.

    SIR-modellen er ganske forenkla samanlikna med røynda. Korleis kan me utvida han for å gjera han meir nøyaktig?

[tqb_quiz id=’2362′]

Undervisningsopplegg egna til denne filmen:

SIR-modellen | Redigerbar python-fil