Mellommannen

Vi befinn oss på ein bar ein sein kveld. Den norske businessmannen Bård sit med ein representant for den internasjonale divisjonen av selskapet han jobbar for. Det viser seg at den internasjonale representanten, Raphael, har noko på agendaen. Bård forstår med ein gong kva Raphael refererer til. Vi ser at Bård tenkjer tilbake, og i eit flashback ser vi at Bård blir konfrontert av kollegaen sin, Trond Olav, om at det er tal som ikkje stemmer overens på eit anbod. Raphaels agenda er å få Bård til å få Trond Olav til å halde kjeft. For å få det til bruker Raphael mange middel.