Regnskapets time
Hegla er på heimebane. I kommunehuset i den lille kommunen der ho jobbar, ser vi henne på kontoret der ho ryddar opp i alt frå doble faktureringar til smøringar. Ho konfronterer sjefen sin, som verkar å ha litt blandede kjensler for Helgas brennande engasjement for å utrydde korrupsjon ved rota. Sjefen prøver å roe Helga med at han jo trass alt veit korleis ting fungerer i det verkelege liv. I lunsjen et Helga med sonen sin, Terje, som også har fått seg jobb på kommunehuset. Terje fortel Helga gledestrålande at han har fått si første lønnsslipp. Etter eit raskt blikk på lønnsslippen blir Helga stum. – Så mykje? Helga tenkjer tilbake og legg to og to saman: I eit flashback ser vi Helga og sjefen på elgjakt saman, tydeleg omgangsvenner, der sjefen tilbyr sonen hennar jobb med eit lurt smil – vi må hjelpe kvarandre, du og eg som jobbar så tett saman …