Varsleren
Businessmannen Trond Olav er fortvila. Han treff ein venninne, Helga, for å søke råd. Etter å ha oppdaga at selskapet han jobbar for driv med forfalskingar av tal på anbod i sin internasjonale divisjon, er han no i tvil om han skal varsle eller ikkje. I eit flashback ser vi Trond Olav som er vill av sinne konfrontere kollegaen sin, Bård, med at tal han har blitt bedt om å legge inn i eit anbod, ikkje stemmer. Helga, som sjølv legg si stoltheit i å rydde opp i smårusk i kommunen der ho jobbar, meiner at Trond Olav må kjenne sitt ansvar og varsle, medan Trond Olav er i tvil og bekymra over kva konsekvensar dette vil få.