PÅVERKA – om sosiale medium og kroppspress
Kva skjer når jakta på kropp og prestasjon tek over livet?
PÅVERKA er ein ærleg dokumentarserie på 4 episodar om å kjempe seg tilbake til livet etter ei eteforstyrring, med tilhøyrande oppgåver for 8.-10. trinn.
Felles for ungdomane André, Elias og Lisa er at sjukdommen vart forverra og forsterka av sosiale medium. Målet med læremiddelet er å fremje kritisk tenking og skape debatt om regulering av sosiale medium.
Med støtte frå engasjerande ekspertar blir myter knust og samanhengar mellom algoritmar, kroppspress og helse avdekka. Serien er kvalitetssikra av brukarar og pårørande, og produsert saman med Spiseforstyrrelsesforeningen (SPISFO).
Læremiddelet kan òg brukast i viaregående skule, kurs og samtalegrupper.