PÅVERKA – om sosiale medium og kroppspress

Kva skjer når jakta på kropp og prestasjon tek over livet? 

PÅVERKA er ein ærleg dokumentarserie på 4 episodar om å kjempe seg tilbake til livet etter ei eteforstyrring, med tilhøyrande oppgåver for 8.-10. trinn. 

Felles for ungdomane André, Elias og Lisa er at sjukdommen vart forverra og forsterka av sosiale medium. Målet med læremiddelet er å fremje kritisk tenking og skape debatt om regulering av sosiale medium. 

Med støtte frå engasjerande ekspertar blir myter knust og samanhengar mellom algoritmar, kroppspress og helse avdekka. Serien er kvalitetssikra av brukarar og pårørande, og produsert saman med Spiseforstyrrelsesforeningen (SPISFO). 

Læremiddelet kan òg brukast i viaregående skule, kurs og samtalegrupper. 

Til læraren

Serien består av 4 episodar på ca. 15 minutt med tilhøyrande refleksjons- og diskusjonsoppgåver, samt praktiske oppgåver. 

Målet med læremiddelet er å gjera elevar bevisst korleis sosiale medium påverkar tankar, kjensler, val og sjølvbilete, samt å utvikle kritisk medieforståing og digital dømmekraft. Begge kjønn opplever eit press for å etterleve kroppsideala og undervisningsopplegget inkluderer gutar og jenter. Det er egna for tverrfagleg arbeid innan samfunnsfag, norsk og KRLE. 

Læremiddelet kan gå over 4 veker med 2 undervisningstimar per veke og heimeoppgåver, men det er anbefalt å bruka opplegget over noko lenger tid. Målgruppa er 8.-10. trinn, men læraren må velje trinn ut ifrå den heilskaplege modninga til klassen. Sjå utfyllande lærarvegleiing for gjennomføring av undervisningsopplegget. 

Lærarvegleiing Påverka 

Ekstraoppgåve, sosiale medium detox 

Lærarvegleiing, når du mistenker eteforstyrring SPISFO 

 

Bidragsytarar

Medverkande ekspertar: 

Inga Strümke, førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi og informatikk NTNU 

Finn Myrstad, fagdirektør i Forbrukerrådet 

Line Wisting, forskar (PhD) ved Regional seksjon eteforstyrringar (RASP) ved OUS 

Mari Mette Graff, leiar for Landsforeininga for overvektige 

Audrey van der Meer, professor, Institutt for psykologi NTNU 

  

Prosjektgruppe: 

Silje Sønsterud Olsen, prosjektleiar, seniorrådgivar og styremedlem i SPISFO 

Maria Helena Cairns Gustafsson, lektor i medievitskap, informasjonsteknologi og medieproduksjon 

Carl Andreas Myrland, adjunkt på mellomtrinnet og driv Kodeklubben Hamar 

Armina Nuksa, har studert robotics and intelligent systems ved UiO og jobbar i mnemonic 

Birgitte Thomasdatter Schulzki, sosionom og rådgivar i Spisfo 

Pernille Sletteberg Sørensen, student og brukarrepresentant i Spisfo 

Oda Langedal, student og brukarrepresentant i Spisfo 

  

Filmgruppe (Leidar): 

Marianne Ridewood Kleven, idé, manus og regi 

Mari Finnestad, produsent 

Hilde Holmesland, produksjonsleder 

Anders Martin Helle, filmfotograf 

Åsmund Hasli, filmfotograf 

Audun G. Magnæs, filmfotograf 

Anders Funderud, klipper 

Tor Karlsen, klipper 

Anne Lippert, grafikk 

Marius Eilertsen, etterarbeid 

  

Produsert i samarbeid med Spiseforstyrrelsesforeningen (SPISFO) og Leidar 

Støtta av Stiftelsen Dam