Økonomiprisen 2007

Nobelprisen i økonomi 2007 blei tildelt økonomane Leonid Hurwicz, Eric Maskin og Roger Myerson for å ha lagt grunnlaget for mekanismedesignteori gjennom sitt teoretiske arbeid med utforming av økonomiske institusjonar. I filmen «Økonomiprisen 2007» ser vi nærare på korleis mekanismedesign kan bidra til å utforme økonomiske institusjonar for framtida. Sjølv om det er vanskeleg å spå om framtida, gir teoriane til Hurwicz, Maskin og Myerson oss moglegheit til det.

Oppgåver: Mekanismedesign

  • 1.

    Økonomiske transaksjonar skjer i marknader, innanfor selskap eller andre økonomiske institusjonar. Nokre marknader er ikkje statleg styrte, medan andre er regulerte. Innafor selskap kan transaksjonar skje på bakgrunn av marknadsprisar, forhandlingar eller at dei blir vedtekne av leiinga. Mekanismedesign er ein teori som skapar eit rammeverk for å analysere ei rekkje institusjonar (allokeringsmekanismar) med fokus på problem som insentiv og privat informasjon. I praksis handlar det om å fremskaffe den informasjonen som trengs for å gjere optimale val i marknaden. Mekanismedesign viser at dobbeltsidig auksjon kan vere effektivt når kvar aktør har privat informasjon om sin verdivurdering av handelsprodukta. Når antallet aktørar aukar, vil privat informasjon bli aggregert, og prisen vil bli reflektert av ein gjennomsnittspris basert på all informasjon.

    • Hva menes med insentiver?
    • Kvifor vil eit auka antall aktørar føre til at meir av den private informasjonen blir gjenspeilt i prisen på produktet?
  • 2.

    I filmen såg de bilder frå depresjonen, ein økonomisk nedgangstid i USA.

    • Hva er Minimax-prinsippet?
    • Hva kan vere årsaker til at mange arbeidarar refinansierte sine lån på denne tida, og korleis skiller dette seg frå Minimax-prinsippet?
    • I våre dagar, bør vi sjå på beste mogleg utfall eller bruke Minimax-prinsippet når den økonomiske politikken skal utformast? Kvifor meiner de dette?

Oppgåver: Allokeringsmekanismer

  • 1.

    Allokering handlar i denne samanhengen om å plassere ressursane der dei gjer mest nytte for seg til rett tid. Målet er å oppnå effektivitet. Tidlegare teoriar viste at marknaden viser effektiv ressursallokering gjennom forhold som f.eks. perfekt konkurranse og fritt tilgjengeleg informasjon. Dette vil ikkje alltid vere tilfellet i eit verkeleg marked.

    • Kvifor er asymmetrisk informasjon ei utfordring i forhold til allokeringsmekanismane – kva skjer når vi har asymmetrisk informasjon?
  • 2.

    I filmen såg ein korleis ein bilauksjon fører saman seljarar og kjøparar som eit eksempel på allokasjon med private varer.

    • Kvifor kan denne typen marked vere fornuftig for allokering av private varer?
  • 3.

    På ei auksjon vil seljar ofte ha ein minimumspris for sal, samtidig som kjøpar vil ha ein maksimumsgrense for kjøp. Oftast er ikkje denne informasjonen kjend, og ein har ulikt utgangspunkt. A vil ikkje selje med mindre prisen er over A sin verdifastsetjing av produktet, og B vil ikkje kjøpe dersom prisen overstiger B sin verdifastsetjing. For A vil pris over verdifastsetjinga bli rekna som nyttegevinst (pris-verdifastsetjing). For B vil ein pris som er under B sin verdifastsetjing vere B sin nyttegevinst. Sal vil i hovudsak skje kun dersom A sin verdiforståing av produktet er lågare enn kva B verdsetter produktet til. Det er tre mekanismar ein kan bruke i slike tilfelle; A seier ein pris som B kan godta eller forkaste, B legg inn eit bud som A kan godta eller forkaste. Den tredje kallas bilateral handel, ein dobbelsidig auksjon. Då gir begge partar ein pris som dei er villige til å handle på der og då samtidig.

    • Hvilke forutsetningar meiner de må vere på plass for at bilateral handel skal vere effektiv og rettferdig?
    • Hva er nyttegevinsten i ein dobbelsidig auksjon?
  • 4.

    Kollektive varer, som skolar, sjukehus og vegar, krev andre typar finansieringar enn gjennom lukka økonomiske system som f.eks. ei auksjon.

    • På kva måtar blir kollektive varer finansiert?

Læreplan

Samfunnsfag VG1/VG2 utforskaren

Formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisningar.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 marknadsteori

  • Gjere greie for forhold som forklarer etterspørselen etter forbruksvarer og forbrukstenester.
  • Gjere greie for kva som påverkar tilbodet av ei vare eller teneste.
  • Diskutere markedets moglegheiter og avgrensingar.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 nasjonalregnskap og økonomisk vekst

Gjere greie for arbeidsdelingen mellom offentleg og privat sektor.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 internasjonal økonomi

  • Gjere greie for årsaker til og virkningar av internasjonal arbeidsdeling og samhandel.
  • Drøfte moglegheiter og utfordringar knytt til auka internasjonal handel.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 markedsteori

Gjør greie for monopolets tilpasning i markedet og samanlikne med fullkomen konkurranse.