Del 2 – Kedy

I denne delen av filmen følgjer me Kedys oppleving av situasjonen. Kedy skjønar at noko ikkje stemmer.

Innlest_lyd_bokmål
Innlest_lyd_nynorsk

Oppgåver

  • 1.

    Kva trur de Kedy tenkjer om situasjonen?

  • 2.

    Har du opplevd noko liknande? Korleis var det?

  • 3.

    Kva kjensler trur de Kedy har?

  • 4.

    Menneske kan oppfatta same situasjon veldig ulikt. Lillian og Kedy forheld seg heilt ulikt til jentegjengen i gangen. Kva kan det komme av?

  • 5.

    Kedy skjønar kanskje at Lillian skjuler noko. Kvifor er det då so lett å oppfatta feil, heller enn å spørra? Kva kunne Lillian og Kedy gjort i denne situasjonen?