Kva er det dei kjempar for?
Ekstremistiske rørsler kjem i mange ulike former og har eksistert til alle tider. I denne filmen ser vi nærare på dei to tydelegaste ekstremistiske retningane i dagens samfunn: høgreekstremisme og religiøs ekstremisme. Det dei har til felles, er at dei ønskjer å endre samfunnet totalt og er villige til å ty til vald for å nå måla sine. For dei fleste av oss er det heilt umogleg å forstå kva som driv menneske til slike ekstreme tankar og handlingar, at dei er villige til å ty til vald – og i verste fall drepe – for si overtyding. Men la oss gi det eit forsøk, kva er det dei kjempar for?
Denne filmen er òg tilgjengeleg på arabisk, dari, kurmanji, pashto, somali og tigrinja.