Eliktrisitet
Lenge var elektrisitet eit fenomen menneska ikkje klarte å bruke til noko nyttig. Først då ein skjønte samanhengen mellom elektrisitet og magnetisme, kunne elektrisitet nyttast til praktiske føremål. No kunne vasskrafta nyttast til å drive turbinar som skapte elektrisitet. I åra etter 1900 blei fleire og fleire fossefall bygd ut, og Noreg blei ein energi- og industrinasjon. I dag forskast det mykje på korleis vi kan skaffe oss meir elektrisitet ved hjelp av naturprosessar som tidevann, osmose og vindkraft.