Deprecated: trim(): Passing null to parameter #1 ($string) of type string is deprecated in /home/u479901513/domains/kunnskapsfilm.no/public_html/wp-content/plugins/acf-vimeo-field-master/acf-vimeo-funcs.php on line 11

Vindkraft

Våre forfedre, vikingane, lærte seg tidleg å utnytte vinden for å kunne reise over store avstandar til havs. I dag er ikkje vinden den raskaste måten å forflytte seg til vanns på, men vinden og bruken av den er meir aktuell enn nokon gong.

Vind er ein fornybar energiressurs som verken gir utslipp til atmosfæren, jorda eller vatnet. Moderne vindmøller ragar 70–100 meter over bakken, og kvar vindmølle kan dekke det daglege energiforbruket til over 300 menneske i Noreg. Noreg er blant landa i Europa med størst vindressursar som kan utnyttast til energiproduksjon, og det er omfattande planar for auka satsing på vindkraft i Noreg i framtida.

Oppgåver

Læreplan

Naturfag etter 10. trinn

Mangfald i naturen –  observere og gi eksempel på korleis menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegruppers syn på påverknaden og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Fenomener og stoffer – forklare korleis vi kan produsere elektrisk energi frå fornybare og ikkje-fornybare energikjelder, og diskutere kva miljøeffektar som følgjer med ulike måtar å produsere energi på.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling – undersøke ei global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål og drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Energi for framtida – gjere rede for forskjellen mellom energikjelder og energibærarar, og ein aktuell energibærar for framtida.

Samfunnsfag, etter 10. trinn

Historie – gjere greie for framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved Noreg i dag.

Geografi

  • Gjere greie for indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn.
  • Undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling.
  • Undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

Geofag 2

Georessursar

  • Beskrive utnyttinga av dei fornybare energikildene sol, vind, tidevann, bølger og geotermisk energi, og drøfte kva betydning dei har for energiforsyninga i framtida.
  • Drøfte miljøproblem knytt til utnytting av georessursar og teknologien som blir brukt.

Samarbeidspartnarar

  1. Statkraft
  2. Enova
  3. Naturfagsenteret