Forskar Eivind Valestrand
Eivind Valestrand, forskar på tarmsjukdommar ved Universitetssjukehuset i Bergen.
Eivind kasta opp 30–40 gonger dagleg frå han var 13 til 18 år og mista fem år med skulegang fordi magesekken slutta å fungere. Han var inn og ut av sjukehus og vart ein erfaren pasient som observerte legane. I dag blir han kalla «eksepsjonell» og vert spådd ei lysande karriere, nettopp på grunn av si menneskelege tilnærming til pasientar og forskinga på hjernen si reaksjon på mat.