Økonomiprisen 2014

Nobelprisen i økonomi 2014 blei tildelt Jean Tirole (Frankrike) for hans analyser av marknadsmakt og regulering i bransjar med ein eller få mektige aktørar.

For å regulere monopol-liknande marknader må ein forstå kva marknadsmakt er og korleis kvart enkelt marked fungerer. Samtidig må ein klare å ta omsyn til samfunnspolitiske føringar. Regulering skal bidra til at markedet får økonomisk motivasjon til nyskapning samtidig som sunn konkurranse blir oppretthaldt. Gjennom marknadsanalyser av mellom anna bank- og telekommunikasjonssektoren har prisvinnarens forskingsarbeid fått praktisk tyding i arbeidet for å oppnå betre regulering av kapitalismen.

Oppgåver: Marknader

  • 1.

    Eit marked er, innanfor generell økonomisk teori, definert som kvar struktur som gjer det mogleg for kjøparar og seljarar å utveksle alle typar varer, tenester og informasjon. Markedet er arenaen der handelsaktiviteten føregår. Når ein byter varer og tenester, vert det utført ein transaksjon.

    Ein kan seie at markedets hovudfunksjon er verdisetting. Kva meinast med dette? Kvifor er asymmetrisk informasjon ei utfordring for verdisettingen?

  • 2.

    Kva meinast med ein transaksjon? Gi døme på ulike typar transaksjonar.

  • 3.

    Kva er dei to grunnleggjande marknadskreftene?

  • 4.

    Tidlegare var marknader avgrensa av tid og stad. Korleis skal dette forståast, og har vi dei same avgrensingane i dag?

  • 5.

    Finn definisjonar på omgrepa monopol, naturleg monopol, oligopol og monopsoni. Skriv ned stikkord for kva som kjenneteiknar desse marknadene.

Oppgåver: Konkurranse og reguleringar

  • 1.

    Sunn konkurranse er til beste for kunden, samtidig som verksemda tener pengar – anten det er innanfor offentleg eller privat sektor.

    Kva er konkurranse?

  • 2.

    Kva meinast med marknadsmakt? Kven kan ha marknadsmakt; stat, kjøpar, seljar, andre?

  • 3.

    I marknader med få, mektige aktørar må ein (oftast) regulere marknadsmakt. Kvifor?

  • 4.

    Er fri konkurranse og sunn konkurranse det same? Kvifor/kvifor ikkje?

  • 5.

    Korleis skal ein sikre at det blir konkurranse?

  • 6.

    Vil kunden alltid vere tent med fri konkurranse? Kvifor/kvifor ikkje?

  • 7.

    På kva måte påverkar høg toll på import både norsk produksjon (f.eks. landbruk) og norske forbrukarar?

  • 8.

    På kva marknader bør ein ikkje ha konkurranse? Kvifor meiner de dette?

  • 9.

    I kva grad meiner de det er mogleg å få til fullkommen konkurranse?

Oppgåver: Etterspørsel og tilbod

  • 1.

    Kva forhold styrer etterspørsel etter forbruksvarer og forbrukstenester?

  • 2.

    Kva meinast med horisontalt og vertikalt samarbeid? Kvifor er det eine lovleg og det andre ulovleg?

  • 3.

    I kva tilfelle bør ein satse på vertikalt samarbeid med enerett og eksklusivitet framfor å satse på å levere til mange ulike tilbydarar av ei vare ein produserer?

  • 4.

    I eit tenkt tilfelle klarar ein å selje mange einingar av eit produkt. Dette skaper eit økonomisk overskot for bedrifta. Gjennom å investere i teknologi kan ein produsere fleire einingar enn tidlegare, og ein kan også selje dei rimelegare til kunden. Alternativt kan ein halde på prisen, og bruke overskottet til å betre kvaliteten på produktet.

    Kva ville de teke i betraktning før de tok ei avgjerd om å velje det eine eller andre alternativet nemnt ovanfor? Kvifor?

Oppgåver: Forbrukermakt og etikk

  • 1.

    Har forbrukaren nokon form for makt i markedet – i så fall kva?

  • 2.

    Ofte vil forbrukar ha så rimelege varer som mogleg, noko som kan føre til at varer blir produserte under svært kritikkverdige tilhøve for at produsent skal kunne skape noko overskot.

    Kven har ansvaret for dette; forbrukar, leverandør, produsent, andre? Kvifor meiner de dette?

Læreplan

Samfunnsfag VG1/VG2 utforskaren

Formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisningar.

Samfunnsfag VG1/VG2 individ, samfunn og kultur

Gjere greie for rettane ein har som forbrukar, og diskutere forbrukarens etiske ansvar.

Samfunnsfag VG1/VG2 internasjonale forhold

Definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 markedsteori

  • Beskrive hovudtrekk ved den samfunnsøkonomiske utviklinga.
  • Gjere greie for forhold som forklarer etterspørselen etter forbruksvarer og forbrukstenester.
  • Gjere greie for kva som påverkar tilbodet av ei vare eller teneste.
  • Gjere greie for prisdanninga for ei vare eller teneste som skal seljast i eit marked med fullkomen konkurranse.
  • Diskutere markedets moglegheiter og avgrensingar.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 internasjonal økonomi

  • Gjere greie for omgrepet konkurranseevne og drøfte faktorar som påverkar konkurranseevnen.
  • Drøfte moglegheiter og utfordringar knytt til auka internasjonal handel.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 markedsteori

  • Gjere greie for monopolets tilpassing i markedet og samanlikne med fullkommen konkurranse.
  • Forklare forskjellar mellom samfunnsøkonomiske og bedriftsøkonomiske vurderingar.
  • Beskrive ulike former for prisdiskriminering.
  • Gjere greie for ulike former for ufullkommen konkurranse.
  • Diskutere samfunnsøkonomiske verkningar av ei politikk som stimulerer til auka konkurranse.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 internasjonal økonomi

  • Forklare teoriar om kvifor land handlar med kvarandre.
  • Gjere greie for frihandel, proteksjonisme og ulike typar handelshindringar.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 økonomisk vekst

Gjere greie for verkemiddel som kan brukast for å oppnå økonomisk vekst.