Økonomiprisen 2012

Nobelprisen i økonomi 2012 vart tildelt Lloyd Shapley og Alvin E. Roth for teoriar om stabile markedsløysingar og utarbeiding av marknadsdesign, som handlar om korleis ein skal sørgje for å fordele ressursar på marknadsområde utan å bruke prismekanismar. Korleis skal vi fordele goder som det ikkje er naturleg å kjøpe og selje?

Lloyd Shapleys teoriar tok utgangspunkt i eit økonomisk nøkkelproblem: korleis ein skulle finne stabile løysingar der begge partar tener på samarbeidet. Alvin Roth brukte Shapleys teori for å forklare korleis marknader fungerer i praksis. Forskninga hans viser at stabilitet var essensielt for å koble saman to aktørar i marknader der ein ikkje kunne bruke prissetting som utgangspunkt, t.d. å koble elevar mot skular, legar med sjukehus eller organdonasjon med pasientar.

Oppgåver: Marknader

  • 1.

    Eit marked er, innanfor generell økonomisk teori, definert som kvar struktur som gjer det mogleg for kjøparar og seljarar å utveksle alle typar varer, tenester og informasjon. Markedet er arenaen der handelsaktiviteten føregår. Når ein byter varer og tenester, vert det gjort ein transaksjon. Eit marked vil bestemme kven som skal få kva, og varene går til dei som er villige til å betale.

    Kva typar varer og tenester meiner de ikkje bør regulerast av eit marked som vert styrt av prismekanismer (kva goder bør ein ikkje kjøpe og selje)? Kvifor?

  • 2.

    Kvifor kan det vere fornuftig å fordele ressursar utan å bruke pengar som mekanisme?

Oppgåver: Konkurranse og reguleringar

  • 1.

    Sunn konkurranse er til beste for kunden, samtidig som verksemda tener pengar – anten det er innanfor offentleg eller privat sektor. Med kooperativ spelteori (matchmaking-teorien) vil vi forstå når vi er tjent med å samarbeide, fordi begge partar er tjent med koblingen.

    I kva grad trur de at ein ser kooperativ spelteori i kommersielle marknader? Er det slik at alle tener på partnerskap med andre? Gi døme.

  • 2.

    Enkelte politiske parti ønskjer ei høgare grad av privatisering av offentleg sektor, f.eks. innanfor eldreomsorg.

    I kva grad meiner de at dette vil bli ei meir rettferdig fordeling av samfunnets ressursar? Kvifor meiner de dette?

  • 3.

    Kan privatisering av slike tenester føre til meir eller mindre stabile koblingar? Kvifor meiner de dette?

  • 4.

    Trur de ein vil få eit betre eller eit dårlegare tilbod gjennom privatisering? Kvifor meiner de dette?

Oppgåver: Marknadsdesign

  • 1.

    Roth meiner at dersom ein ikkje skal bruke pengar, men andre mekanismar, må marknaden vere store nok, kunne handtere trengsel og vere trygge og enkle å delta i.

    Kvifor er dette viktige punkt for å skape stabile koblingar? Ta gjerne utgangspunkt i filmen (matchmaking og samordna opptak) for å forklare.

  • 2.

    Shapleys teori krev at alle må vere ærlege, at det skal lønne seg å vere ærleg framfor taktisk.

    Kvifor er dette ei føresetnad?

  • 3.

    I kva grad vil de seie at dette gjeld på dagens marknader?

  • 4.

    Ein annan sentral føresetnad er at ein har moglegheit til å utsetje den endelege avgjerda, ref. matchmaking-visualiseringa.

    Kvifor har dette betydning?

Læreplan

Samfunnsfag VG1/VG2 utforskaren

Formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisningar.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 markedsteori

  • Beskrive hovudtrekk ved den samfunnsøkonomiske utviklinga.
  • Gjere greie for forhold som forklarar etterspørselen etter forbruksvarer og forbrukstenester.
  • Gjere greie for kva som påverkar tilbodet av ein vare eller teneste.
  • Diskutere marknaden sine moglegheiter og avgrensingar.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 internasjonal økonomi

  • Gjere greie for omgrepet konkurranseevne og drøfte faktorar som påverkar konkurranseevnen.
  • Drøfte moglegheiter og utfordringar knytt til auka internasjonal handel.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 markedsteori

  • Forklare forskjellar mellom samfunnsøkonomiske og bedriftsøkonomiske vurderingar.
  • Diskutere samfunnsøkonomiske verkningar av ein politikk som stimulerer til auka konkurranse.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 internasjonal økonomi

Forklare teoriar om kvifor land handlar med kvarandre.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 arbeidsløyse og økonomisk politikk

Drøfte dei viktigaste økonomiske utfordringane som Noreg står overfor i velferdspolitikken.