Økonomiprisen 2011

Nobelprisen i økonomi 2011 vart tildelt Thomas J. Sargent og Christopher A. Sims frå USA, for deira empiriske forskning om årsak og verkning i makroøkonomien. Korleis påverkar BNP og inflasjon om renta midlertidig aukast eller skatten senkast? Kva skjer dersom sentralbanken permanent endrar inflasjonsmålet, eller om staten endrar sitt mål for budsjettbalansen? Årets prisvinnarar har presentert metodar for å svare på desse og mange andre spørsmål om årsakssamanhengar mellom økonomisk politikk og ulike makroøkonomiske variablar som BNP, inflasjon, sysselsetjing og investeringar. Desse samanhengane er vanlegvis tovegs: politikk påverkar økonomien, men økonomien påverkar også politikk. Prisvinnarane sine metodar gjer det mogleg å identifisere årsakssamanhengar og avklare kva rolle forventningar speler. På denne måten kan ein bestemme effekten av både overraskande handlingar og systematiske endringar.

Oppgåver: Forventningar og rasjonalitet

  • 1.

    Sargent og Sims har i sitt arbeid sett på årsak og konsekvens når rammebetingelsar endrast, og her er også forventningsdanninga viktig. Når det skjer endringar i økonomisk politikk, vil dette påverke samfunnet. Det handlar ikkje om det enkelte individ, men summen av både individ, bedrifter og det offentlege sitt samla engasjement.

    Kvifor er forutsigbarheit så viktig i slike samanhengar?

  • 2.

    Kva skjer dersom rammebetingelsane stadig endrast?

  • 3.

    Ein kan tenkje seg at det finst «gode» og «onde» sirklar når det gjeld samfunnsøkonomi. Ein god sirkel kan bestå av at mange betalar skatt til staten. Dette fører til at staten kan investere i arbeidsplassar og utdanning. Investeringar fører til at ein får betre kvalifisert arbeidsstokk og kan skape fleire arbeidsplassar, som igjen fører til meir inntekter. Den kvalifiserte arbeidsstokken får betre løn og får dermed betre råd. Dei kjøper fleire varer, noko som fører til at produksjonen aukar og at bedrifter anset meir folk. Ein ond sirkel vil vere det motsette.

    Det heiter seg at ein i nedgangstider må bruke, ikkje spare, pengar. Korleis vil de forklare dette i forhold til «gode» og «onde» sirklar?

  • 4.

    Dersom ein i nedgangstider skal bruke pengar, kvifor vel då mange å spare pengar i staden for?

    Er dette eit rasjonelt val? Kvifor/kvifor ikkje?

Oppgåver: Økonomiske modellar

  • 1.

    Sargent og Sims har presentert modeller basert på statistiske data for å forutsi kva konsekvensar endringar vil få for økonomien. Ein utfordring er å skille kva konsekvensar som kjem av den økonomiske politikken og kva som skuldast andre endringar i samfunnet. Dei seier at modellane kan hjelpe dei med å oppskalere økonomiske eksperiment og diskutere om menneske oppfører seg rasjonelt i ein økonomi.

    Kvifor har vi behov for å bruke økonomiske modeller – kva er hovudføremålet?

    Gi døme på svar slike modeller kan gi oss.

  • 2.

    Forskjellen på prognose og verkelegheit vert i filmen kalla for «økonomisk sjokk».

    Kvifor kan dette karakteriserast som sjokk? Gi døme på konsekvensar av slike «økonomiske sjokk».

Oppgåver: Makroøkonomiske variabler og politikk

  • 1.

    Med makroøkonomiske variabler meinast t.d. BNP, inflasjon, sysselsetjing, investeringar og rentenivå. Den økonomiske politikken har som mål å skape stabilitet (pengeverdi) og vekst. Ikkje alle endringar skaper det forventede resultatet, noko som fører til at ein får andre konsekvensar enn det som var beregna.

    Kva tenkjer de vil vere målet og konsekvensen av å endre variablar på denne måten:

    • Økt rentesats
    • Redusert rentesats
    • Mindre sysselsetjing i samfunnet
    • Inflasjon
    • Økt kunnskapsnivå i befolkninga
    • Stagnasjon i lønnsnivå samtidig som ein har ordinær prisstigning
    • Eldrebølge i befolkninga
    • Høgare skattelegging på inntekt og formue
    • Auka avgifter på eksport
    • Auka avgifter på import

Læreplan

Samfunnsfag VG1/VG2 utforskaren

Formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisningar

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 marknadsteori

  • Beskrive hovudtrekk ved den samfunnsøkonomiske utviklinga.
  • Gjere rede for forhold som forklarer etterspørselen etter forbruksvarer og forbrukstenester.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Arbeidsmarknad og arbeidsløyse

  • Forklare korleis lønn fastsetjast, og kvifor det oppstår lønnsforskjeller.
  • Gjere rede for kvifor arbeidsledighet og sysselsetjing varierer mellom land og over tid.
  • Gjere rede for offentlege tiltak som stimulerer sysselsetjing og motverkar arbeidsledighet.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Prisvekst og pengepolitikk

Gjere rede for formålet med pengepolitikken og korleis den verkar.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 internasjonal økonomi

Gjere rede for begrepet konkurranseevne og drøfte faktorar som påverkar konkurranseevnen.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 marknadsteori

  • Forklare forskjellar mellom samfunnsøkonomiske og bedriftsøkonomiske vurderingar.
  • Diskutere samfunnsøkonomiske verknader av ein politikk som stimulerer til auka konkurranse.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 Økonomisk vekst

  • Gjere rede for virkemiddel som kan brukast for å oppnå økonomisk vekst.
  • Gjere rede for økonomiske virkemiddel som kan stimulere til nye arbeidsplassar.