Økonomiprisen 2010
Nobelprisen i økonomi 2010 blei tildelt Peter A. Diamond (USA), Dale T. Mortensen (USA) og Christopher A. Pissarides (UK) for deira analyse av marknader med søkefriksjon.
Korleis kan det ha seg at så mange menneske er arbeidsledige samtidig som det er eit stort antall ledige jobbar? Korleis kan den økonomiske politikken påverke arbeidsløysa? På arbeidsmarknaden har kjøparar og seljarar direkte kontakt med kvarandre, arbeidsgivarar jakter på tilsette og arbeidstakarar er på utkikk etter jobb. Søkeprosessen krev tid og ressursar, det skapar friksjonar i marknaden. På slike søkemarknader vil ikkje alle kjøparar finne det dei søkjer etter, og enkelte seljarar får ikkje seld så mykje som dei ønskjer. Derfor har arbeidsmarknaden både ledige stillingar og arbeidsløysa samtidig. Årets prisvinnarar har utvikla ei teori som kan brukast til å svare på desse spørsmåla. Teorien er også aktuell på andre område enn arbeidsmarknaden, spesielt bustadsmarknaden.