Økonomiprisen 2008
Nobelprisen i økonomi 2008 vart tildelt økonomen Paul Krugman (USA) for sitt bidrag til handelsteori og økonomisk geografi. Handel i og mellom nasjonar har foregått i hundrevis av år, og i moderne tid blir det handla som aldri før på tvers av land og kontinent. Menneska følgjer industrien, og industrien følgjer menneska. Det gir auka forbruk, større varetilbod og fleire moglegheiter. Megabyar vert skapte. I «Økonomiprisen 2008» ser vi nærare på drivkreftene bak internasjonal handel og korleis desse bestemmer kor dei økonomiske sentra utviklar seg.