Økonomiprisen 2004

Vi tek våre økonomiske beslutningar på bakgrunn av korleis vi trur økonomien vil sjå ut i nær framtid. Gode tider skapar forventningar om økonomisk vekst. Dårlige tider skapar på si side skepsis og frykt for økonomisk uvêr. Økonomien går i bølger. For økonomiske beslutningstakarar er det forutsigbarheit og langsiktighet som gjeld. I filmen «Økonomiprisen 2004» ser vi nærare på Finn Kydlands og Edward Prescotts bidrag til realkonjunkturteorien.

Oppgåver: Makroøkonomi

  • 1.

    Tidlegare forska ein i hovudsak på konjunkturendringar og måtar å stabilisere økonomien på. Forskarane anså makroøkonomiske svingningar som eit resultat av variasjon i etterspørsel, og forskinga hadde fokus på kva som kunne minske konjunktursvingningane. Eit resultat ein då fann overraskande var at ein fekk stagflasjon.

    Kva meinar ein med stagflasjon?

  • 2.

    Kvifor var stagflasjon overraskande med utgangspunkt i vanleg makroøkonomisk teori?

  • 3.

    Kva meinar ein med konjunktur?

  • 4.

    Kor ser ein oftast fyrst konjunkturendringar?

Oppgåver: Tidskonsistens

  • 1.

    Kydland og Prescott kom med nye tilnærmingar for analyse av makroøkonomisk utvikling som kunne forklare kva som var drivkrefter, utover etterspørsel. Eit av punkta dei trekk fram handlar om problemet med tidskonsistens.

    Tenk at styresmaktene ønskjer låg inflasjon, og at dette blir ein uttalt politikk. Kva forventningar kan ein tenkje seg at befolkninga og næringslivet vil ha for framtidig økonomisk utvikling?

  • 2.

    Kan ein tenkje seg at befolkninga og næringslivets forventningar fører til ein åtferd som vil føre til høgare inflasjon?

  • 3.

    Langsiktighet er viktig i den økonomiske politikken, og i Noreg har dette blant anna gjeve seg utslag som at vi har fått handlingsregelen.

    Kva er handlingsregelen?

  • 4.

    Kvifor er det viktig at vi har slike reglar?

  • 5.

    Bør styresmaktene vere konsistente i sin politikk, eller bør dei føreta kursendringar når utviklinga ikkje er i tråd med den forventa utviklinga – f.eks.: at dei brukar av Oljefondet for å skape nye arbeidsplassar når det plutseleg blir høg arbeidsledighet?

  • 6.

    At dei varslar om skattelette for investeringar, men at det seinare viser seg at dei må ha auka skatter for å auke statens inntekter?

  • 7.

    Kva konsekvensar vil slike endringar få for befolkninga og næringslivet? Kva slags kredibilitet får ein slik regjering?

Oppgåver: Mikroøkonomi

  • 1.

    Økonomar studerte tidlegare langsiktig økonomisk vekst og kortsiktige variasjonar som to ulike tema og med ulike metodar. Dei meinte langsiktig vekst heng saman med auka produksjon, med teknologisk utvikling som drivkraft. Variasjonar blei sett på som variasjonar i etterspørsel. Det gjorde det nesten umogleg å føreseie effektar av underliggjande tilstandar, som endring i kraftprisar, endra politiske mål o.l. Kydland og Prescott sine modellar tar derfor også omsyn til at konjunkturendringar kan skje både på produksjons- og etterspørselssida, og at ein må sjå makro- og mikroøkonomi i samanheng.

    Finn døme på korleis produksjon og etterspørsel kan føre til konjunkturendringar.

Læreplan

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Marknadsteori

  • Beskrive hovudtrekk ved den samfunnsøkonomiske utviklinga.
  • Gjere greie for forhold som forklarer etterspørselen etter forbruksvarer og tenester.
  • Gjere greie for kva som påverkar tilbodet av ei vare eller teneste.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Nasjonalregnskap og økonomisk vekst

Gjere greie for den økonomiske veksten i Noreg og andre industriland og forklare årsaker til denne veksten.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Arbeidsmarknad og arbeidsløyse

  • Gjere greie for kvifor arbeidsledighet og sysselsetting varierer mellom land og over tid.
  • Gjere greie for offentlege tiltak som stimulerer sysselsetting og motverkar arbeidsledighet.

Samfunnsøkonomi 1 VG2/VG3 Prisvekst og pengepolitikk

Gjere greie for føremålet med pengepolitikken og korleis den verkar.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 Marknadsteori

Forklare forskjellar mellom samfunnsøkonomiske og bedriftsøkonomiske vurderingar.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 Internasjonal økonomi

Gjere greie for virkemiddel styresmaktene kan setje i verk for å påverke valutakursane.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 Økonomisk vekst

Gjere greie for virkemiddel som kan brukast for å oppnå økonomisk vekst.

Samfunnsøkonomi 2 VG2/VG3 Arbeidsløyse og økonomisk politikk

  • Gjere rede for korleis pengepolitikken påverkar økonomien.
  • Gjere rede for gjeldande retningslinjer for den økonomiske politikken i Noreg i dag.