Lyssetting: Mykt og hardt lys

Eit videobilde er todimensjonalt, men ved hjelp av lys kan vi skape ei illusjon av tredimensjonalitet. To grunnleggjande omgrep det er viktig å kjenne til for å meistre lyssetting, er mykt lys og hardt lys. I denne filmen blir forskjellen på dei to lyssettingane illustrert ved å lyssette eit stort egg.

Mykt lys blir nesten alltid brukt som hovudlys for å skape form. Eit eksempel på naturleg mykt lys er lyset ein har når det er overskya ute. Med mykt lys blir det jamne overflater og lite skugge. Mykt lys kan ein skape ved å bruke ei lyskjelde som er større enn det objektet som skal belysast. Til dømes kan ein bruke ei chimera-lampe for å få mykt lys, men ein kan også bruke filter eller ein reflektor for å lette opp skuggar.

Det motsette av mykt lys er hardt lys. Eit eksempel på naturleg hardt lys er sollys. Med hardt lys blir det kraftige skuggar og store kontrastar. Ein kan seie at jo mindre lyskjelde ein har, jo større blir kontrastane. Hardt lys blir ofte brukt som baklys/spisslys for å skape djupne i biletet. Hardt lys kan også brukast som dekorlys. Det harde lyset spreier seg ikkje så mykje som mykt lys, og ein kan framheve fargar og strukturar.

Oppgåver

  • 1.

    Demonstrer forskjellen på mykt og hardt lys med det lysutstyret de har tilgjengeleg.

  • 2.

    Lag din eigen instruksjonsfilm om forskjellen på hardt og mykt lys. Du kan velje kommentatorstemme, tekstplakatar eller å presentere tema som i ei reportasje.