Lydopptak: Utstyr, rom og akustikk

Grunnleggjande føresetnader for å kunne bli ein god lydteknikar er å ha kunnskap om akustikk og å kjenne og kunne bruke lydutstyret.

I denne filmen blir det gitt ei kort forklaring av omgrepet akustikk, ulike typar mikrofonar blir beskrive, og den profesjonelle lydteknikaren gir tips og demonstrerer korleis utstyret bør brukast.

Oppgåver

  • 1.

    Lag ei liste med minst fem viktige punkt for bruken av lydutstyr i eit filmopptak.

  • 2.

    Prøv ut tre av dei konkrete råda frå filmen «Lydopptak: Utstyr, rom og akustikk.»