Lydopptak: Intervju ute og inne

Skal ein gjere eit intervju innandørs og ein ikkje har tilgang på eit stille rom, er det viktig å identifisere moglege støykjelder. Er det til dømes mogleg å slå av vifter og elektriske maskiner i forkant av opptaket?

Korleis kommuniserer lydteknikaren og fotografen for å unngå at bommen kjem i bildet, og korleis unngå at skuggen frå bommen blir synleg i bildet?

Utandørs gjeld mykje av det same som innandørs. Dersom ein ikkje klarer å få bort ei støykjelde, kan det vere ei løysing å ta lydkjelda med i bildet. På alle opptak er det lurt å ta minst eitt minutt atmosfærelyd (kontentum) frå opptaksstaden. Det vil ofte kome godt med i klippen.

Oppgåver

  • 1.

    Gjennomfør eit intervju inne eller ute. Sjå gjennom intervjuet og vurder lyden på intervjuet. Dersom lyden er bra, kva gjorde de for at lyden skulle bli god? Dersom lyden ikkje er god nok, kva kunne de gjort annleis for å få lyden betre?

  • 2.

    Lag din eigen instruksjonsfilm der du demonstrerer tre av teknikkane eller råda du har sett i denne filmen. Du kan velje å bruke kommentatorstemme, tekstplakatar eller å presentere tema som i ei reportasje.