Påverka – Episode 2

Kven vinn kampen om vår sjølvkjensle i algoritmanes tidsalder?

Sosiale medium virkar som ei spennande og glitrande verd for barn og ungdom, men bak fasaden skjuler det seg sterke krefter som styrer korleis vi tenker, føler og handlar. I denne episoden avslører ekspertane korleis selskap brukar psykologar og algoritmar for å halde oss hekta, og korleis barn og unge blir dei perfekte kundane.

Ideala som dei unge skal leve opp til er umoglege. Korleis kan vi beskytte oss mot ei digital verd som tener på at vi aldri føler oss bra nok?

Refleksjon og diskusjon

  • 1.

    Har du nokon gang kjend på ei konflikt mellom kva du veit er sunt og rett, og kva du føler når du ser på innhald i sosiale medium?

     

    A. Kva slags bilete, video, tekst og innhald trur du kan skape ei slik indre konflikt?

     

    B. Skriv ned tre positive eigenskapar om to personar du kjenner personleg.

     

    C. Kva positive eigenskapar trur du andre ville skrive om deg?

     

    Viktige omgrep: kroppsideal, sunn kropp og kroppsaksept.

     

    Reflekter individuelt i 10 minutt, diskuter deretter i par eller grupper.

  • 2.

    I filmen blir den nemnd at ein influensar alltid må oppretthalde ein fasade og at livsstilen kan være ei løgn.

     

    A. Korleis kan vi vite at det ein influensar viser er ekte?

     

    B. Kor mykje tid trur du ligg bak kvar post?

     

    C. Tenk gjennom korleis din kvardag ville endra seg, frå du står opp til du legg deg, om du var ein kjend influensar. Kva er ulempene?

     

    Reflekter individuelt i 10 minutt, diskuter deretter i grupper.

  • 3.

    Reflekter over eit fiktivt scenario: Ein ven av deg har i det siste snakka om og delt mykje trenings- og kosthaldsråd på sosiale medium. Du merker at hen har begynt å endre åtferd og kosthald på ein slik måte at du blir bekymra for venen din. Det er ikkje di oppgåve å vere ein ansvarleg vaksen eller profesjonell helsefagleg person, men eit empatisk medmenneske.

     

    A. Diskuter kva du kan gjere som ein god ven og for å støtte.

     

    B. Kva er gode metodar for å nærma seg problematikken?

     

    Gjennomfør oppgåva i grupper og oppsummer i plenum.

Praktisk

  • 1.

    Lag ein kampanjeplakat, reel eller biletskarusell som tek opp kroppspress på sosiale medium og viser korleis ein kan tenke kritisk rundt kroppsideal.

    Gjennomfør oppgåva individuelt eller i par. De kan og gjera oppgåva som heimelekse. 

  • 2.

    Sosiale medium er prega av trendar. De skal ikkje søke opp trendar på sosiale medium, men tenke gjennom kva trendar de sjølv har bidrege til og latt dykk påverka av (t.d. produkt, stilar, haldningar, aktivitetar, livsstil, politikk). Vel ein konkret trend, lag ei tidslinje over innhald, aktivitetar, hendingar, marknadsføringsmetodar og ressursar som de trur må til for å skape ein trend. Tenk gjennom følgjande når de lager tidslinja:

     

    A. Kva er ein trend og korleis blir trendar skapt på sosiale medium?

     

    B. Kva er positive og negative resultat?

     

    C. Kva treng ein av kunnskap for å vurdere innhaldet i eller avsløre ein trend?

     

    Gjennomfør oppgåva i grupper.