Påverka – Episode 4
Korleis kan vi ta tilbake kontrollen?
Eit ungdomsopprør mot tech-gigantane er nok umogleg, men vi er ikkje maktlause, seier ekspert Inga Strümke. Vi må lære oss å sjølvregulere og bruke sosiale medium på ein måte som ikkje skader oss.
I denne episoden lærer vi korleis sosiale medium kunne vore utforma på ein barnevenleg måte, og om konkrete grep vi kan gjennomføre allereie i dag. Bodskapen er håpefull. Sjølv om vi ikkje kan stoppe utviklinga kan vi lære å leve sunt i den digitale røyndommen. André minner oss på at ingen menneske er like og at vi aldri kan måla verdien vår i kropp eller «likes», men i korleis vi lever, føler og møter kvarandre.