Kven bestemmer kva du får sjå i «feeden» din?

Kvar dag blir det publisert fleire millionar postar på sosiale medium. Kven vel ut kva postar som dukkar opp i «feeden» din? Og korleis veit dei kva du vil ha? Er det bra at nokon er sjef over kva du får sjå, lese og kanskje meine?

Oppgaver: Finn svaret i filmen

  • 1.

    Kva skjer i byrjinga av filmen?

    Dette var ikke helt rett!
    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
  • 2.

    Kvifor fekk berre Jonas opp posten frå Theo i sin feed?

    Dette var ikke helt rett!
    Dette var ikke helt rett!
    Helt riktig!
  • 3.

    Kva gjer algoritmen for å halde på merksemda di?

    Dette var ikke helt rett!
    Helt riktig!
    Dette var ikke helt rett!
  • 4.

    Har du nokon gong opplevd noko av det same som Dina og Jonas? Fortel.

  • 5.

    Kva er algoritmar, og kvifor brukar til dømes TikTok og Instagram desse?

  • 6.

    Kva er problemet med desse algoritmane ifølgje Petter Brantzæg?

    Trenger du hjelp?
    Kun raude postar
  • 7.

    Kva kan ein gjere for å unngå å hamne i ei «filterboble»?

    Trenger du hjelp?
    Også høyre på dei blå postane
  • 8.

    Kva lærer Jonas og Dina i filmen?

Oppgaver: Utforsk videre og reflekter

  • 1.

    Finn ut kva ein meiner med ordet «polarisering».

  • 2.

    På kva måte kan algoritmane vere med på å skape polarisering i eit samfunn?

  • 3.

    Finn ut kva ordet «algoritme» eigentleg betyr – passar tydinga synest du? Grunngi svaret.

  • 4.

    Når ein snakkar om algoritmar på sosiale medium, er det vanleg å snakke om å «bli dratt ned i eit kaninhòl». Finn ut kva ein meiner med det, og kvar uttrykket «kaninhòl» er henta frå.