Diabetes retinopati
Diabetes retinopati er ein sjukdom i augets netthinne som følgje av diabetes. Diabetes fører til at blodårene i auget blir fortetta og sprekker, noko som gir arrdanningar. Dette gir synsutfall, slørete syn og nedsett kontrastsyn. Diabetes retinopati er den viktigaste enkeltårsaken til at personar i yrkesaktiv alder i vestlege land mister synet, heilt eller delvis.