Kven er ekstremistane?

Mange er av den oppfatning at ein ekstremist er ein «dum og uviten person», ofte også fattig – som lar seg lokke av ein latterleg ideologi til å gjere hårreisande og brutale handlingar. Men sanninga er mykje meir variert enn som så. Mange av dei har ei gjennomtenkt ideologi bak handlingane sine, og gjerne eit sterkt politisk engasjement. Denne filmen reflekterer rundt spørsmålet: Kven er desse menneska? Kva er det som motiverer dei? Er det saka dei kjempar for, eller kan det også vere andre grunnar til at dei er med i ekstremistiske grupper? Kanskje nokre av dei berre treng eit stad å høyre til?

Denne filmen kan med fordel sjåast etter film 1, då den krev nokre forkunnskapar om høgreekstremisme og religiøs ekstremisme (ekstremistisk islam).

Denne filmen er òg tilgjengeleg på arabisk, dari, kurmanji, pashto, somali og tigrinja.

Oppgaver før visning av filmane

  • 1.

    Kva tenkjer du på når du høyrer ordet ekstremisme?

  • 2.

    Kva for ekstremistiske grupperingar kjenner du til?

    Dette var ikke helt rett!
  • 3.

    Nokre føler at innvandrarar trugar Noreg og norsk kultur.

    Kva trur du dei fryktar?

  • 4.

    Sterk frykt for islam har vakse fram i dagens Europa.

    Trur du dette kan ha samanheng med terroraksjonane som ekstreme muslimar har gjennomført i ulike land? Om ja, på kva måte?

  • 5.

    Nokre unge muslimar har gitt uttrykk for at dei føler seg mistenkeleggjorde, blir sett på som ei trussel og blir behandla respektlaust.

    Kva for konsekvensar trur du dette får for deira forhold til det norske samfunnet?

Individuelle oppgåver

  • 1.

    Det er ikkje alltid at det er sjølve «saka» eller «urettferda» som er den viktigaste årsaka til at nokon blir med i ei ekstremistisk gruppe.

    Kva andre årsaker kan du tenkje deg det kan vere?

  • 2.

    Mange unge folk opplever både rasisme, utanforskap og oppvekstproblem, og har kjent direkte på urettferda i verda. Men fleirtalet av desse blir ikkje terroristar.

    Kva trur du kan vere årsaka til det? Grunngi svaret.

  • 3.

    Under kva føresetnader trur du at du kunne blitt ein ekstremist?

Gruppediskusjonar

  • 1.

    Nokre unge muslimar opplever mykje fiendskap og rasisme i kvardagen. Den muslimske ekstremisten Ubaydullah Hussein seier i filmen «du vil aldri bli akseptert i Noreg» og du bør «bli med oss heller».

    Trur du opplevingar med fiendskap og rasisme kan påverke unge muslimar i retning av ekstreme haldningar? Diskuter.

  • 2.

    Nokre ungdommar på høgresida gir uttrykk for at dei blir dårleg behandla av ungdom med innvandrarbakgrunn (slagsmål, tjuveri av klede, telefonar m.m.).

    Trur du slike hendingar kan påverke unge folk i retning av ekstreme haldningar? Diskuter.

  • 3.

    Storpolitiske hendingar (som til dømes dårleg behandling av Rohingya-muslimar i Burma, USAs invasjon av Irak, bruk av dronar for å drepe ekstremistar i Pakistan m.m.) er opprørande for mange muslimar.

    Korleis trur du desse hendingane kan påverke unge muslimar og deira forhold til ekstremisme?