Filmlys og filmlyd
Filmproduksjon er ikkje berre kreativ kraft, visuell teft og dramaturgisk innsikt; det er også eit handverk som krev teknikk og rett bruk av kamera, lys og mikrofonar for at bileta skal bli gode og for at lyden skal vere bra.
Filmlys og filmlyd er ei samling med åtte korte filmar der ein profesjonell lydteknikar og ein profesjonell filmfotograf gjev praktiske tips og demonstrerer lydopptak og lyssetting i ulike situasjonar inne og ute.
Filmserien er del av eit samarbeidsprosjekt med forlaget GAN Aschehoug og Mediesenteret ved Høgskulen i Bergen om å lage læremiddel for Medier og kommunikasjon Vg3 og Mediedesign Vg3. Filmane er spesielt retta mot dei valfrie programfaga lyd og bilete.