Lydopptak: Fiksjonsfilm

På ein fiksjonsfilm er det mykje å førebu og tenke gjennom når det gjeld lydbildet i filmen. Les manus og snakk med regissøren om kva lydbilde som er ønskjeleg. Dra på befaring der opptaka skal gjerast og noter kva omgivelseslyd som finst.

I denne filmen føregår opptaket ved ein hestestall. Då er det viktig å snakke med eigaren på førehand for å unngå uventa og uønska lyder på opptaksdagen, for eksempel at det ikkje blir brukt traktor eller andre støyande køyretøy under innspelinga.

På fiksjonsfilm er det ofte behov for å bruke fleire mikrofonar. Då treng ein ein lydmikser som gjer det mogleg å fange opp fleire mikrofonar. Lydnivået til kvar mikrofon må då stillast separat. Lyden kan anten bli teken opp i kamera eller på ein ekstern lydopptakar.

I fiksjonsfilm skal mikrofonane vere usynlege. Det er mange triks for å skjule mikrofonen. Ein kan legge mikrofonen i fanget på skodespelaren, ein kan bruke myggmikrofonar som ein skjuler på innsida av skjorta, i slipset eller til og med i håret på skodespelaren.

Oppgåver

  • 1.

    Gå gjennom eit manus til ein fiksjonsfilm. Korleis er lydbildet beskrive? Korleis kan det bli beskrive betre og meir presist?

  • 2.

    Kva er dei viktigaste punkta for at lyden skal bli best mogleg i dette manuset?

  • 3.

    Lag din eigen instruksjonsfilm der du demonstrerer tre av teknikkane eller råda du har sett i denne filmen. Du kan velje å bruke kommentatorstemme, tekstplakatar eller å presentere tema som i ei reportasje.