Kva koster du VELFERDSSTATEN?
Norge er ein velferdsstat. Ein stat som dekkjer innbyggjarane sine grunnleggjande behov og gir dei hjelp når dei treng det. Men staten er avhengig av store inntekter for å kunne tilby innbyggjarane denne tryggleiken. I denne filmen får du eit lite innblikk i kva inntekter staten er avhengig av (blant anna skatt, avgifter, olje og gass), og kven som bestemmer korleis desse pengane skal brukast.
Filmen tilhøyrer kapittel 10 i læreverket Fokus Samfunnsfag (Aschehoug forlag).