Noreg møter verda – INNVANDRING

Innvandrarar i Noreg kjem frå over 200 land. I 2016 var 16 % av den norske befolkninga innvandrarar eller norskfødde med to innvandrarforeldre. Målet er å integrere innvandrarar slik at dei deltek i samfunnet på lik linje med nordmenn, men samstundes held på viktige sider ved sin kultur. Det finst mange meiningar om innvandring. Kva er det rimeleg å krevje av ein nordmann i møte med innvandrarar? Og kva er det rimeleg å krevje av ein innvandrar i møte med den norske kulturen?
Denne filmen tilhøyrer kapittel 4 i læreverket Fokus Samfunnsfag (Aschehoug forlag).