Klimatilpassing i Sør-Afrika

Klimaforandringane vil påverke menneske, samfunn og økosystem over heile verda. Mest utsett er låg-liggande område, øysamfunn, Arktis og tørkeramma område i Afrika. I desse områda er det ofte dei fattigaste menneska som er mest utsette. eThekwini kommune i Sør-Afrika har gjennomført eit omfattande klimatilpasningsprosjekt som samtidig er med på å forbetre levekåra til befolkninga. Dette er eitt av mange døme på klimatilpassing rundt om i verda som vi kan lære meir av.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Korleis trur du klimaendringar kan påverke tørkeramma område som Afrika?

  • 2.

    Kvifor trur du fattige menneske er meir utsette for klimaendringar enn rike?

Læreplan

Naturfag, 8.-10. trinn

Mangfald i naturenObservere og gje eksempel på korleis menneskeleg aktivitet har påverka eit naturområde, undersøke ulike interessegruppers syn på påverknaden og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Samfunnsfag, 8.-10. trinn

Geografi – undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

KRLE, 8.-10. trinn

Filosofi og etikkDrøfte verdivalg og aktuelle tema i samfunnet lokalt og globalt: sosialt og økologisk ansvar, teknologiske utfordringar, fredsarbeid og demokrati.

Naturfag Vg1

Berekraftig utviklingGjere rede for omgrepet bærekraftig utvikling og undersøke ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål, samt drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Stråling og radioaktivitetGjere rede for nokre mogelege konsekvensar av auka drivhuseffekt i arktiske og lågliggande område, og drøfte eitt aktuelt klimatiltak.

Geofag 1

NaturkatastrofarForklare årsaker til ekstremflom og tørke.

Biologi 2

Økologi Forklare korleis økosystem kan endre seg over tid og knyte det til klimaendring og andre miljøproblem.