Klimatilpassing i Sør-Afrika

Klimaforandringane vil påverke menneske, samfunn og økosystem over heile verda. Mest utsett er låg-liggande område, øysamfunn, Arktis og tørkeramma område i Afrika. I desse områda er det ofte dei fattigaste menneska som er mest utsette. eThekwini kommune i Sør-Afrika har gjennomført eit omfattande klimatilpasningsprosjekt som samtidig er med på å forbetre levekåra til befolkninga. Dette er eitt av mange døme på klimatilpassing rundt om i verda som vi kan lære meir av.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Korleis trur du klimaendringar kan påverke tørkeramma område som Afrika?

  • 2.

    Kvifor trur du fattige menneske er meir utsette for klimaendringar enn rike?

Læreplan

Naturfag, 8.-10. trinn

Mangfald i naturen – Observere og gje eksempel på korleis menneskeleg aktivitet har påverka eit naturområde, undersøke ulike interessegruppers syn på påverknaden og foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar.

Samfunnsfag, 8.-10. trinn

Geografi – undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt.

KRLE, 8.-10. trinn

Filosofi og etikk – Drøfte verdivalg og aktuelle tema i samfunnet lokalt og globalt: sosialt og økologisk ansvar, teknologiske utfordringar, fredsarbeid og demokrati.

Naturfag Vg1

Berekraftig utvikling – Gjere rede for omgrepet bærekraftig utvikling og undersøke ein global interessekonflikt knytt til miljøspørsmål, samt drøfte kvaliteten på argument og konklusjonar i debattinnlegg.

Stråling og radioaktivitet – Gjere rede for nokre mogelege konsekvensar av auka drivhuseffekt i arktiske og lågliggande område, og drøfte eitt aktuelt klimatiltak.

Geofag 1

Naturkatastrofar – Forklare årsaker til ekstremflom og tørke.

Biologi 2

Økologi –  Forklare korleis økosystem kan endre seg over tid og knyte det til klimaendring og andre miljøproblem.