Tiltak som verkar
Kor kraftige klimaendringane blir, avheng i stor grad av kor mykje vi kuttar i utslepp av drivhusgassar. Først og fremst må vi leggje om til meir klimavennleg energiproduksjon og bruke energien meir effektivt. Vi må ta i bruk kjend teknologi, utvikle ny teknologi, vurdere kva tiltak som verkar best og spreie teknologi over landegrensene. Klimatiltak vil i stor grad handle om politikk, men det er òg viktig å sjå kva den einskilde kan bidra med. Forbruk av varer, oppvarming av bustadar, transport til skule og jobb, feriereiser og avfallshandtering er viktige delar av biletet. Kva kan du gjere for å leve meir klimavennleg?