Korrupsjon
Korrupsjon er ein serie på 3 korte filmer. Sentralt i kvar film er ein samtale mellom to karakterar der vi forstår at det er noko korrupt som føregår. Målet er at sjåaren skal bli trigga og nysgjerrig, og opne for diskusjon rundt grensene for kva som er korrupsjon. Filmane handlar om korrupsjon i eit norsk selskap i eit internasjonalt miljø, om varsling og om korrupsjon i kommune-Noreg.
Kvar film er frittståande, men karakterane vi møter i samtalene går i «stafett» mellom dei ulike episodane, det vil seie at vi følgjer ein av karakterane over i neste episode. Stilen på filmane er drama med eit element av thriller.