Kvensk og finsk – Nuoret 2

«Nuoret 2» er eit digitalt læremiddel i faget kvensk eller finsk som andrespråk for ungdomsskulen. Læremiddelet inneheld ein dramaserie på 10 episodar på kvensk og 5 språkfaglege filmar, som er teksta på norsk, finsk og kvensk. Kvar episode har 15 oppgåver på både kvensk og finsk.

Lærarrettleiing

Nuoret 2 er eit filmbasert digitalt læremiddel i faget kvensk eller finsk som andrespråk. Læremiddelet inneheld 15 filmar, der éin er rollespel og fem er språkfaglege filmar. Fiksjonsfilmane har ei samanhengande forteljing, og vi tilrår å visa episodane kronologisk. Kvar episode har 15 tilhøyrande oppgåver som lærar og elevar går gjennom i klassen.

Episodane har kvensk, finsk og norsk teksting tilgjengeleg. Finsk og norsk kan de velja i videoavspelaren (CC). Film med kvensk teksting finst i lenkje under videoavspelaren. Manus på kvensk, finsk og norsk ligg til nedlasting under «lærarrettleiing» på kvar episode. Finske oppgåver og manus ligg under dei kvenske.

Lærerveiledning (kvensk) for oppgavesvar og utfyllende informasjon.

Lærerveiledning (finsk) for oppgavesvar og utfyllende informasjon.

Det er nyttig å bruke eit fast oppsett for undervisninga knytt til kvar episode. Vi anbefaler at lærar nyttar heile eller delar av følgjande oppsett:

  1. Førebuing før filmvisning
    • Førutseiingar: Be elevane gjette kva episoden kan handle om basert på tittel, episodebeskriving eller tidlegare episodar.
    • Diskusjon om tema: Spør elevane om dei har erfaringar eller tankar rundt temaa som skal takast opp i episoden.
    • Ord- og uttrykksførebuing: Del nokre nøkkelord eller uttrykk som kan dukke opp i episoden. Be elevane prøve å finne tydinga under visninga. Nøkkelorda kan læraren finne i manuset til episoden.
    • Mål: Skape forventning og engasjement hos elevane
  1. Under filmvisning       
    • Aktiv lytting og observasjon: Be elevane følgje nøye med på bestemte element. Det kan vere dialogar, kroppsspråk, stemningar, symbol eller karakteranes utvikling.
    • Notat: Elevane bør ta korte notat om viktige hendingar, karakterutvikling eller språklege uttrykk som er interessante eller ukjende.
    • Gjentaking: Episoden kan spelast av igjen for å få auka utbytte; vel gjerne ein anna variant av undertekst enn han som vart brukt under fyrste avspeling. Dette hjelper til med å oppretthalde konsentrasjon og forståing.
    • Mål: Styrke observasjonsevne og konsentrasjon
  1. Etter filmvisning
    • Oppsummering: Be elevane diskutere i grupper kva episoden handla om, kva konfliktar eller tema som vart presentert, og korleis dei vart løyst (eller ikkje). Her kan elevane bruke sine eigne notat og tankar frå før visninga.
    • Karakteranalyse: Fordjup dykk i ein eller fleire karakterar. Korleis har karakteren utvikla seg i episoden? Korleis påverkar karakterens handlingar andre? Kva trur elevane er motivasjonen bak desse handlingane?
    • Temadiskusjon: Kva tema vart tekne opp? Korleis relaterer desse temaa til ungdomane sine eigne liv og erfaringar.
    • Mål: Reflektere, analysere og anvende kunnskap
  1. Evaluering og refleksjon
    • Tilbakemelding: Gje elevane moglegheit til å gje tilbakemelding på kva dei meiner om arbeidsmåten. Kva fungerte bra? Kva kunne vore gjort annleis?
    • Sjølvevaluering: La elevane vurdere eigen innsats. Korleis har dei sjølve utvikla sine ferdigheiter?
    • Mål: Lære av prosessen og forbetre ferdigheiter

Bidragsytere

Læremiddelet er støtta av Utdanningsdirektoratet (Udir).

Faggruppe

Terje Aronsen – kvensk morsmålstalar, lærar (pensjonert) og riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for arbeidet sitt med kvensk språk og kultur sidan 1970-talet.

Eira Söderholm – omsetjar i kvensk og finsk, forfattar av boka Kvensk grammatikk (2017). Pensjonert førsteamanuensis i finsk og kvensk ved UiT Noregs arktiske universitet.

Katriina Pedersen – leiar av Kvensk språkting og fagleiar for kvensk ved Kvænangen språksenter. I 2008 var ho med og starta Kvääninuoret / Kvenungdommen og var forbundets første leiar. Ho har mastergrad i visuell antropologi frå UiT Noregs arktiske universitet og snakkar både kvensk og finsk.

Tove Raappana Reibo – medlem av Kvensk språkting, dagleg leiar for Halti kvenkultursenter, dirigent for det kvenske koret KvääniÄänii og leiar for barneteateret Teatterilapset. I 2023 fekk Tove Norsk språkråd sin kvenske språkpris for arbeidet sitt med å lære barn og unge å snakke kvensk.

Mervi Erkheikki – lærar i finsk, meänkieli og kvensk, lærebokforfattar, omsetjar og kulturarbeidar ved Halti kvenkultursenter. Ho har røtene sine i Tornedalen i Sverige og har meänkieli som morsmål.1

 

Samarbeidspartnarar

Kvænangen språksenter

Halti nasjonalparksenter

Teatterilapset

Itu teatteriforeeninki

Kvääniteatteri

 

Filmgruppe (Leidar)

Marianne Ridewood Kleven – idé, manus og regissør

Mari Finnestad – produsent

Hilde Holmesland – produksjonsleiar

Malin Vollstad – produksjonskoordinator

Jørgen Bull – filmfotograf

Anders Martin Helle – filmfotograf

Alexander Milov – opptakslyd

Tor Karlsen – klippar

Marius Eilertsen – etterarbeid

Anne Lippert – grafikk