1. Vêromslag
Kaisa, Eeva og Nils spelar bordfotball, og Kaisa er heilt oppslukt av spelet, medan Eeva blir distrahert av mobilen. Ho prøver å få kontakt med Aaron, som ikkje svarar fordi han speler med bandet sitt i storbyen. Aaron skjønar at alle i bandet har fått seg sommarjobb, bortsett frå han. Kva skal han finne på heile sommaren? Nils går heimover, då kjem veslesystera Anna plutseleg springande med håv og bøtte. Noko uventa har skjedd, og Nils må bli med!
Episoden har kvensk, finsk og norsk teksting tilgjengeleg. Finsk og norsk kan de velja i videoavspelaren (cc). Film med kvensk teksting finst i lenkje under videoavspelaren.