Fagfilm 4 – Kvensk kasus
Ungdommen i filmen tel opp tretten kasus på kvensk og blir frustrert over at kvart kasus har si eiga ending. Programleiaren roar ho ned og seier at det viktigaste er å bruke kasus rett, ikkje å hugse namna på dei. Det aller viktigaste er korleis endingane blir skrivne, kva dei tyder og når dei blir brukt. Saman går dei gjennom konkrete døme, og ungdommen kjenner etter kvart større meistring. Filmen kombinerer humor, praktiske døme og språklæring.
Filmen har berre norsk teksting tilgjengeleg, som du kan velje i videoavspelaren (cc).