Landegrenser

Denne poetiske animasjonsfilmen stiller universelle spørsmål om korleis vi menneske har delt verda inn i nasjonar og skapt både naturlege og unaturlege grenser. Kva for problem eig ingen grenser, og korleis løyser vi problem på tvers av grensene?

Skildring

Filmen brukar ein søt og leikande kval som gjennomgangsfigur, og denne kryssar grenser fritt, blir sjuk av søppel, og endar til slutt opp stranda på ei strand med mange nasjonsflagg i magen. Kven har ansvar for klimaproblema på tvers av landegrensene?

Filmen har forteljarstemme lesen av Anne Marie Ottersen.


Den engelske versjonen av Landegrenser (Borders) vann gull på Deauville Green Awards i 2018 i kategorien «Fight and Adaptation to Climate Change», og vart kåra til beste animasjonsfilm på Terres Festival i Spania i 2019.

«Landegrenser» er éi av tre filmar i læreverket På Høyden – fagundervisning i grunnleggende norsk for minoritetsspråklig ungdom av forfattarane Kristin Fagerheim og Andrianne Skjold. Forfattarane, som til vanleg er lærarar for minoritetsspråkleg ungdom, ønskte filmar som kunne setje i gang debatt i klasserommet, gjerne provosere og føre til ettertanke og refleksjon. Deira erfaring var at film er godt eigna til å trigge diskusjon og engasjement, spesielt om tema som kan vere betente eller vanskelege å snakke om på tvers av ulike kulturar og nasjonalitetar.

Målgruppa for filmen er minoritetsspråkleg ungdom i grunnskulen. Filmane er omsett/versjonert til dari, pashto, tigrinja, arabisk og somali i tillegg til norsk og engelsk.

Samarbeidspartnar

Denne filmen er lagea i samarbeid med Utdanningsdirektoratet