Livsmeistring 7. – 10. klasse

I denne filmen viser me ein situasjon frå ulike perspektiv. Me følgjer ei gruppe 14 år gamle jenter etter ein skuledag. Første scene startar i gangen utanfor klasserommet, der nokre av jentene diskuterer kva film dei skal sjå på pizzakvelden heime hjå den eine jenta. Litt bortanfor gruppa står Lillian. Me ser at ho følgjer med på samtalen, og forsiktig våger å delta. Ho blir invitert med på pizzakvelden.

 

Problemstillinga Lillian står ovanfor oppdagar me først når Kedy, veninna, kjem ut i gangen. Ho har ikkje høyrt samtalen, og gjer seg som vanleg klar til å ta følgje med Lillian heimover. Dei to veninnene har og ein avtale denne kvelden. Me ser korleis Lillian strever med å finna ut kva ho skal gjera. Ho ender opp med å lyga til Kedi om avtalen med dei andre jentene. Ho vil jo ikkje såra Kedi. Men er dette den beste løysinga?

Filmen byter so perspektiv, og me følgjer Kedys oppleving av situasjonen. Kedy skjønar at noko ikkje stemmer. Me får og eit innblikk i opplevinga til Nora, jenta som inviterer til pizzakveld. Ho føler seg dratt mellom jentegjengen og eit ønskje om å vera inkluderande.

Prosjektgruppa

Mari Finnestad  Regissør – www.kunnskapsfilm.no 
Kristin Grostøl Holen Førskulelærar og spesialpedagog med spesialisering innan psykososiale vanskar. Viareutdanning innan rådgiving, vegleiing og kommunikasjonsmetodikk, UiO.
Ane-Marthe Solheim Skar Postdoktor ved Psykologisk institutt, UiO. Forskar knytt til Norsk Kunnskapssenter for vald og traumatisk stress.
Magnus Langseth Kristoffersen Faglærar i praktiske og estetiske fag med hovudvekt på musikk. Master i spesialpedagogikk.

Undervisningsressursen er finansiert av Utdanningsdirektoratet.