Del 1 – Jonas
I første del av filmen «Etter skulen» møter me fire klassekameratar som gamar saman. Jonas leiar an i spelet, og kompisen Emil sit saman med han. Nadine og Noah sit heime hjå seg sjølv, bak kvar sin skjerm. Språket er røft. Særleg Noah får slengd kommentarar når han blir fråverande i spelet. Når Noah loggar av, blir Jonas og dei andre veldig irriterte. Dei bestemmer seg for å ikkje invitera han med på gamingkveld hjå Nadine.
Men skjøna dei eigentleg kva som hende heime hjå Noah?