Del 2 – Nadine

I andre del av filmen får me sjå den same morgonen, men denne gongen er det veninna Nadine si oppleving me får ta del i. Ho starta dagen med å krangla høglytt med mora si i bilen utanfor skulen.

Oppgåver

  • 1.

    Kva skjedde her?

  • 2.

    Kvifor trur du Nadine løp rett forbi Sofie?

  • 3.

    Kva kjensler trur du Nadine har?

  • 4.

    Har du opplevd noko liknande? Korleis var det?

  • 5.

    Sit saman med læringspartnaren din og gå gjennom spørsmåla over saman. Har de lagt merke til det same?

  • 6.

    Fyll gjerne det de prata om inn i eit tankekart.