Del 3 – Carl

I tredje del av filmen er det Carl me blir betre kjend med. Han og dei to kompisane ler når Sofie mister matboksen i golvet.

Oppgåver

  • 1.

    Kva skjedde eigentleg her?

  • 2.

    Korleis trur de Carl har det no?

  • 3.

    Kvifor trur de Sofie løp inn på do når Carl prøvde å seia noko hyggeleg?

  • 4.

    Har du opplevd noko liknande sjølv? At nokon oppfattar det du seier på ein annan måte enn slik du meinte det?

  • 5.

    Sit saman med læringspartnaren din og gå gjennom spørsmåla over saman. Har de lagt merke til det same?

  • 6.

    Fyll gjerne inn det de prata om i eit tankekart.