Nanoteknologi

Nanoteknologi har blitt eit stort og viktig forskingsområde på berre få år og omfattar i dag tradisjonelle disipliner som fysikk, biologi, kjemi, elektronikk og materialteknologi. Filmen er finansiert og utvikla i samarbeid med Forskningsrådet gjennom NANOMAT-programmet.

Det moderne samfunnet er basert på bruk av fossilt brensel: olje, kol og gass. Energikjelder som forureinar og som ikkje er fornybare. Bruken av desse energikjeldene må bli meir miljøvennleg, og dei fornybare energikjeldene, som sol, vind og vatn, må gjerast meir effektive. Nanoteknologi blir eit viktig verktøy for å løyse framtidas energiutfordringar. Det meste er framleis uprøvd. Nye generasjonar med forskarar får store og spennande utfordringar når dei skal lage morgondagens energiløysingar – med nanoteknologi.

Oppgåver før du ser filmen

  • 1.

    Kva veit du om nanoteknologi?

  • 2.

    Kva trur du nanoteknologi kan brukast til innanfor temaet energi?

  • 3.

    Kva er forskjellen på fornybar og ikkje-fornybar energi?

  • 4.

    Kva trur du meiner ein med omgrepet CO2-fangst?

  • 5.

    Kva forbinder du med ordet osmose?

Oppgåver til filmen

  • 1.

    Filmen fortel om ulike utfordringar knytt til miljø og energi. Nanoteknologi kan bidra til å løyse desse utfordringane på ulike måtar.

    Fyll ut tabellen nedanfor på bakgrunn av det du har fått vite gjennom filmen. Kva er utfordringane innanfor dei ulike områda, og korleis kan nanoteknologi vere med å forbetre dei ulike produkta og prosessane?

    Produkt og prosessar Utfordringar i dag Forbetring med nanoteknologi
    Førstegenerasjons solceller
    Tredjegenerasjons
    solceller
    Hydrogenlagring
    Saltenergiverk

Fordjupningsoppgåver: Solceller

  • 1.

    Beskriv hovudprinsippa for korleis dagens solceller verkar.

  • 2.

    Finn ut korleis morgondagens solceller, tredjegenerasjon solceller, skil seg frå dagens solceller.

  • 3.

    Kvifor er kvanteprikker basert på nanoteknologi interessante i framstillinga av solceller?

Fordjupingsoppgåver: Hydrogenlagring

  • 1.

    Hva meinar ein med at hydrogen er ein energibærar og ikkje ein energikjelde?

  • 2.

    Kvifor trur du det knytast store håp til hydrogen og hydrogenlagring innanfor energisektoren?

  • 3.

    Kva tekniske utfordringar er det ved hydrogen som energibærar (lagringsmedium)?

  • 4.

    Korleis kan nanoteknologi bidra til å gjere hydrogenlagring meir effektiv?

Fordjupingsoppgåver: CO2-fangst

  • 1.

    Kva er CO2-fangst?

  • 2.

    Beskriv hovudprinsippa for CO2-fangst.

  • 3.

    Korleis bidrar nanoteknologi og membranar til å gjere CO2-fangst meir effektiv?

  • 4.

    Kva fordelar vil det vere for samfunnet med meir effektiv CO2-fangst?

Fordjupingsoppgåver: Osmose og saltkraftverk

  • 1.

    Beskriv korleis det blir skapt energi gjennom osmose.

  • 2.

    Kva er hovudutfordringane for å gjere saltkraftverk til effektive energikjelder?

  • 3.

    Korleis kan nanoteknologi bidra til å forbetre osmoseprosessen?

Læreplan

Naturfag Vg1

Energi for framtiden

  • Gjøre forsøk med solceller, solfangere og varmepumper, forklare hovedtrekk i virkemåten og gjøre enkle beregninger av virkningsgraden.
  • Gjøre rede for forskjellen mellom energikilder og energibærere og en aktuell energibærer for framtiden.

Kjemi 2

Materialer

  • Gi eksempler på nanomaterialer, hvordan de framstilles, hva som skiller dem fra vanlige materialer, og hva de kan brukes til.

Teknologi og forskningslære X og 1

Teknologi, naturvitenskap og samfunn

  • Drøfte etiske, miljømessige, kulturelle og politiske sider ved teknologisk utvikling.
  • Gjøre rede for utvikling og produksjon av et teknologisk produkt og vurdere produktets brukervennlighet, utviklingsmuligheter og miljøpåvirkning.

Teknologi og forskningslære 2

Forskning, teknologi og samfunn

  • Gjøre rede for betydningen av naturvitenskapelig forskning og teknologiutvikling for næringsliv og samfunn.
  • Drøfte økonomiske, miljømessige og etiske spørsmål i forbindelse med naturvitenskapelig forskning og teknologiutvikling.

Samarbeidspartnarar

Forskningsrådet